STREIK: Måndag blir lærarstreiken trappa opp med 1300 lærarar til. Venstre-nestleiar Abid Raja seier at han ikkje vil blande seg inn i konflikten, men seier at lønna må aukast. – Det største ansvaret ligg på løyvande styresmakter. Lønna bør opp for lærarane. Det er ei gruppe som treng å bli sett og høyrt, seier Raja til NTB. Han møtte denne veka leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal. Forbundet er konflikt med organisasjonen til kommunane, KS, om lønnsvilkåra. Venstre styrte Kunnskapsdepartementet fram til valet i fjor haust, men i forkant av landsmøtet i oktober har eit utval i partiet gått inn for å auke lønna til lærarane, noko Raja stiller seg bak. ©NPK