Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er marknadsstyringa som splittar oss, ikkje Putin.

Solidaritetspris?

Straumprisane når stadig nye høgder, og det same gjer straumprisdebatten. Partileiardebatten rett før helga representerte ei ny omdreiing i så måte, med endå tydelegare politiske motsetningar enn tidlegare. Då SVs Kirsti Bergstø sa at marknadskreftene herjar med folk, kontra statsminister Støre med at det ikkje er marknaden, men Putin som herjar. Ap, Høgre, Venstre og MDG forsvarte vidare dagens kraftsystem med at Noreg må vera solidariske med resten av Europa: Når Russland driv krig i Ukraina, må ikkje Noreg «isolera oss» og «kutta kablane» til Tyskland og Storbritannia, hevdar dei.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production