Då Kjersti Løken Stavrum presenterte Ytringsfridomskommisjonen sin NOU «En åpen og opplyst offentlig samtale» under Arendalsuka, la ho særleg sterk vekt på kva slags barrierar personar med funksjonsnedsettelsar har for å kunne delta i offentleg debatt. Ytringsfridomkommisjonen tar til orde for ei universelt utforma offentlegheit, noko som ikkje berre må vere myndigheiter og media sitt ansvar, men også det øvrige samfunnet.