Eg sit og skrivdette i kraftkommunen Suldal. Her ligg Norges batteri Blåsjø, det største vassmagasinet i landet med ein kapasitet på over sju terawattimer. Her er også Kvilldal kraftverk, som er kraftverket med størst installert effekt i landet, og utvekslingskabelen North Sea Link. Eg sit også i den nå famøse prisregion 2, der me stadig har dei høgste kraftprisane i landet. Det er merkeleg å sjå prisen for ein kilowattime her, samstundes som me veit kor mykje kraft som blir produsert i kraftverka våre. For mange er det rett og slett uforståeleg.
Lite visste dei som bygde vasskrafta, at tryggleika skulle bli solgt.