Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Har jordbruket utsett ei istid?

I Klassekampen den 4. august tar Bjørn Vassnes opp ein klimafaktor vi sjeldan høyrer om, nemleg istidene, som har kome og gått fordi rytmane i jordas bane fører til vekslande innstråling frå sola. Så kjem han til dei siste 10.000 åra. I staden for ei komande istid har klimaet i vår tidsalder (Holocen) vore uvanleg varmt (og stabilt). Vassnes nemner som årsak ein «økt drivhuseffekt» på grunn av «menneskeskapte utslipp (…) spesielt av fossilt drivstoff».