Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med ein partyprins i klassen

MOTVILJUG PÅ BALL: Ines Høysæter Asserson spelar Lena, ei jente som er litt Mette-Marit, men mest seg sjølv. FOTO: NETFLIX Photo Credit: Ulrika Malm

God jenterolle løftar prinsesseklisje.

(Noreg, 2022)

Regi: Per-Olav Sørensen, Emilie Beck

Manus: Ester Schartum-Hansen og Per-Olav Sørensen, basert på boka «Arvingen, halve kongeriket» av Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen

Med: Ines Høysæter Asserson, Mathias Storhøi, Elli Rhiannon Müller, Veslemøy Mørkrid, Petter Width Kristiansen

Sjanger: Tenåringsdrama

Lengde: 1 t. 47 min.

Vist på: Netflix

Kongelege er like populære i strøymetenestene som zombiar og vampyrar, og dei har vist seg like seigliva og like brukande som prisme for å studera både eksistensielle og trivielle tema. Slik er det også i «Royalteen», som utvidar perspektivet i den svenske kostskoleserien «Young Royals» (2021). Til saman dekker dei to skandinaviske Netflix-seriane klassisk pubertetsproblematikk som (gruppe)identitet/ utstøyting, forelsking og seksualitet, i tillegg til meir tidstypiske sosiale medium-utfordringar og mental helse.