Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mørkt, mandig: Black metal er blitt mindre farleg, men heng igjen på eitt vis.

Metallmaraton

HELT MAYHEM: Eit nøkkelband i norsk metall framførte si mest ikoniske plate i ein tåkelagt Grieghallen.FOTO: JARLE H. MOE/BEYOND THE GATES

Metallfestivalen Beyond the Gates feirar ti år – full av storslåtte konsertar, men kor er kvinnene?

Bergen er seg sjølv lik denne augustveka. Regnet heng tungt i lufta. Dei sju fjell er skjult under tunge lag med tåke. Svartkledde, langhåra menneske frå heile verda valfartar mot Verftet og opningsdagen av 10-årsjubileet til Beyond the Gates. Stemninga er på plass: dei sparar ikkje på røykmaskina, det kjenst som at den bergenske tåka har følgd oss heilt inn i lokalet. Det er klamt og intenst blant publikum. Vi er klare for fem dagar fullpakka med nokon av dei beste namna metallscena har å by på.