Uansett kvar eg har vore i sommar, med slekt eller vener, på nett eller med nasen nedi ei avis, har orda energikrise, fyllingsgrad og straumpris gått att. Ei oppfatning eg ofte har møtt, anten som eit underliggande premiss eller som ein direkte påstand, er at Tyskland har eit medansvar for vår norske straumkrise. Av og til handlar det om Nordlink-kabelen, andre gongar om avviklinga av atomkraft, eller om at omlegginga av energisektoren, Energiewende, angiveleg er ein fiasko.
Har tyske politikarar mista all kontakt med verkelegheita?