Bryr seg ikkje om Støre-prat
Raudt-nestleiaren trivst i einsam opposisjon:

«Pinleg» og «usolidarisk» var ord som vart brukte om Raudt då dei varsla at dei ikkje vil sleppe nabolanda våre inn i Nato. Kritikken hagla då eit sentralstyremedlem kalla forsvarsalliansen for ein «mordarbande».
Nestleiar i partiet Marie Sneve Martinussen meiner at mykje tyder på at den verste stormen no er over, og at dei klarte seg bra igjennom han på målingane.
– Før Raudt hamna på Stortinget, snakka vi jo mykje om at det var eit stort behov for ein utanrikspolitisk opposisjon i Noreg. No har vi fått det, og den er ganske stor. I utanrikspolitikken er alle dei andre partia veldig samde med kvarandre, og då ville det vore litt merkeleg om dei ikkje kritiserte oss for det vi meiner, seier ho.
Naturleg med nedgang
Raudt var det einaste partiet som røysta nei til at Sverige og Finland skulle få lov til å bli medlem av Nato, då saka var oppe i Stortinget i juni.
Partiet har også fått kritikk frå fleire hald for å leggje for mykje vekt på rolla til USA i utanrikspolitikken, og ikkje fokusere nok på dei imperialistiske tendensane til Russland.
Nestleiar Martinussen trur ikkje det er difor partiet har gått litt ned på målingane dei siste vekene.
– Den viktigaste grunnen til at folk røystar på Raudt, er at dei meiner at klasseskilnadane i Noreg er for store. Det er klart at når straumkrisa og permitteringar etter korona stod aller høgast på dagsorden, så er det naturleg at det er fleire som seier dei vil røyste Raudt. Det er også naturleg at dei spørsmåla har kome lenger ned på dagsorden etter invasjonen av Ukraina, seier ho.
– Statsministeren har ved fleire høve trekt fram utanrikspolitikken dykkar, og kalla den djupt usolidarisk?
– Dette er viktige og vanskelege problemstillingar. For meg personleg som er frå Sør-Varanger, så er det veldig alvorleg å skulle vurdere korleis eit finsk Nato-medlemskap påverkar tryggleiken til folk som bur i grenseområda. Det er veldig alvorlege spørsmål, og kva statsministeren seier om vår politikk er ganske langt ned på mi bekymringsliste.
På det meste hadde Raudt meir enn ti prosent på fleire meiningsmålingar tidlegare i år. Dei fleste politikarane i Raudt er vande til å vere ein del av eit miniparti som ikkje når opp i dei store nasjonale debattane, og nestleiaren innrømmer at det store bykset i oppslutnad kom litt brått på.
– Det var eit lite sjokk at dei meiningsmålingane skulle kome så plutseleg. Vi har jo tenkt at det var mogleg, men ikkje så raskt.
Sidan den gong har det gått jamt nedover på målingane att, men framleis ligg partiet på 6,2 prosent i snitt så langt i juli. Det er historisk høgt, sjølv om det er litt lågare enn i vinter.
Trivst åleine
Etter den russiske invasjonen av Ukraina 24. februar i år, har både utanrikspolitikk og tryggingspolitikk prega det offentlege ordskiftet mykje meir enn på mange år.
Martinussen tykkjer det går fint å stå åleine i debatten.
– Det at det no er ein brutal krig i Europa, og at eit land som grensar til Noreg står bak, det er sjølvsagt krevjande. Då må ein tenkje over standpunkta sine på nytt. det er heilt klart. Eg tykkjer likevel ikkje det har vore noko vanskeleg å lande der vi har landa, seier Martinussen, og held fram:
– Tidlegare har det jo vore veldig lite debatt om utanrikspolitikken. Vi har jo til dømes ved fleire høve gått til krig nesten utan noko debatt om det. Det at Raudt no sit på Stortinget, sikrar at vi faktisk får ein diskusjon om utanrikspolitikken, og det er jo veldig bra.
Ikkje synd i regjeringa
Støre-regjeringa har hatt ein nedgang sidan valet i haust, som manglar sidestykke i moderne politisk historie.
Den kraftige nedgangen gjer at det no er fleire meiningsmålingar der dei borgarlege partia får fleirtal på Stortinget.
Veksten til Raudt og SV klarer ikkje å kompensere for ei samla nedgang for venstresida i norsk politikk.
Nestleiaren i Raudt tykkjer likevel ikkje synd i regjeringa, men meiner tvert om at dei får som fortent.
– Regjeringa har jo ikkje levert! Dei var flinke til å skru til retorikken sin i valkampen, men ender opp med å frede mykje av skattekutta til Erna Solberg. Dei har vidareført fleire borgarlege kutt i statsbudsjettet sitt. Det er veldig trist at vi har ei regjering som gjekk til val på å skape eit solid skifte i Noreg, og som fekk eit historisk sterkt mandat til å gjere det, men som ikkje torer å levere på det.
– Kvifor torer dei ikkje det då, trur du?
– Eg trur dei heng att i nittitalet, det er då fleire av dei sentrale politikarane i regjeringa vaks opp. Eg trur dei har totalt oversett kor enorm eksplosjonen i skilnadar i samfunnet vårt har vore, og så tenkjer dei det er nok å ta opp att politikkboka frå den raudgrøne regjeringa. Dei gløymer at vi har vore igjennom ei enorm forsøpling av norsk arbeidsliv, med mellombelse stillingar og plattformøkonomi. Då treng vi ei mykje kraftigare oppskrift. Om ikkje regjeringa snart innser det, trur eg dei skal slite med å byggje seg opp att.