Inflasjon blir vanlegvis definert som ei sterk allmenn prisstiging på varer og tenester og ofte samtidig sterk vekst i pengelønningane. Samfunnsklassar med betydelege formuar og store utlån tapar på inflasjon ved at utlåna får redusert realverdi. For grupper med netto gjeld er derimot inflasjon isolert sett ein fordel. John Maynard Keynes meinte at utan ein moderat generell prisvekst ville tildrivet til sparing bli så sterkt og insentivet til investering så svakt at det ville verke depressivt på den kapitalistiske økonomien og føre til veksande arbeidsløyse. Han noterte at gjennom ein periode på nesten 150 år hadde formueseigarane ytt motstand mot ei rente «som var låg nok til å stimulere ein investeringsrate konsistent med ei sysselsetting som ikkje var intolerabelt låg.»
Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Maria Walberg, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug og Ole Kvadsheim skriv onsdagar i Klassekampen.