Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tredobla Noregs handelsoverskot

ØKONOMI: Verdien av norsk eksport auka med 77,9 prosent i juni samanlikna med same månad i fjor. Krigen i Ukraina er ein del av årsaka. Den totale eksportverdien i juni utgjorde 176,6 milliardar kroner, skriv Statistisk sentralbyrå. Importen av varer enda på 89,1 milliardar i juni, opp 20,1 prosent frå same månad i fjor. Dette gav eit handelsoverskot på 87,5 milliardar kroner, noko som er meir enn ei tredobling samanlikna med same månad i fjor. Oppgangen er sterkt driven av høgare prisar på olje og gass på grunn av krigen i Ukraina.©NPK