Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I Distrikts-Noreg kjem deltidstilsette brannfolk først til alle stadar.

Med hjarta for bygdi

Duren av ei slåmaskin er det einaste som bryt lyden av dei intense måsane som meiner nabokatten er for nær dei små, lodne kyllingane deira. Bygda har funne helgefred i sommarvarmen. Folk kosar seg i hagane, på fjorden og med is på Essoen. Med litt over 2300 innbyggjarar kjenner stort sett alle kvarandre.