Nyleg blussa debatten om surrogati opp att i Norge. Rikskringkastaren tapetserte eiga nettside med saker, og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) blei sitert på at ho meiner det bør vera straffbart å nytta seg av surrogati i utlandet. Dette fekk MDG-byråd Hanna Marcussen til å uttala at det ikkje sømmer seg for barnas minister å ville kriminalisera foreldra til dei som har kome til verda gjennom surrogati. Underforstått var Toppe umoralsk, medan Marcussen forfekta det moralsk riktige standpunktet.
Dei aller fleste saker har fleire moralske sider.