Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Støtt venstresida i Europa!

Heming Olaussen svarer 23. juni på mitt innlegg om Europa frå dagen før. Ein grunn til at eg skreiv innlegget, var at Olaussen tilla sine debattmotstandarar meiningar som dei ikkje har. Det poenget har han tydelegvis ikkje tatt, for han svarer meg på akkurat same måten. På eit slikt grunnlag er det ikkje lett å halde fram diskusjonen. Då får eg heller setje min lit til debatten som partisekretær i SV, Audun Herning, ser fram til, ein utanriks- og forsvarsdebatt med ganske låge skuldrar. Eg vil likevel seie dette: Ja, eg er glad for at EU finst. I den globale situasjonen vi er i, treng vi Europa. Verdiar som er umisselege for oss, er under åtak verda over; demokratiet, ytringsfridommen, feminismen, kvinners rett til å bestemme over eigen kropp, rettane til homofile og andre minoritetsgrupper, fagforeiningsrettane. Det finst ikkje andre organ i Europa som kan stå i den kampen like effektivt som EU.