Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Statsbygg tilrår ny forskingsstasjon

FORSKING: Forskingsstasjonen Troll i Antarktis er utsliten og utdatert. No tilrår Statsbygg at han blir bytt ut med ein ny og moderne stasjon. Den norske forskingsstasjonen Troll blir drifta av Norsk polarinstitutt og er lokalisert i Jutulsessen på Dronning Maud Land, snautt 24 mil frå kysten – eit område som er sentralt for norske forskingsinteresser i Antarktis. Stasjonen er i drift heile året og kan huse seks personar i den antarktiske vinteren og mange fleire om sommaren. Alternativa omfattar ei ny energiløysing som tek i bruk sol- og vindkraft. Det skal halvere klimagassutsleppa og den lokale forureininga frå dagens dieselbaserte løysing.©NPK