Det har gått to månader sidan eg gjekk av flyet på Oslo Lufthamn. Oslo er for Norge det USA er for verda, har eg blitt fortalt, og vonde tunger vil ha det til at den kollektive IQ-en stig både her og der når nokon flyttar frå vestlandet til Oslo. I to månader har eg no levd side om side med austmannen, her i hans naturlege habitat, i byen mellom alle kollane.
UNDRANDE: Grete Wold, innvandringspolitisk talsperson i SV, forstår ikkje kvifor regjeringa kuttar talet på flyktningar etter så kort tid.FOTO: TOM HENNING BRATLIE Foto: Tom Henning Bratlie
– Eg reagerer på at ein allereie no nedskalerer talet på flyktningar. Når ein les tilbakemeldingane frå dei frivillige, som fortel om at der er eit behov, er det vanskeleg å forstå, seier Grete Wold, innvandringspolitisk talsperson i SV.