Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Senegalesisk filmarv

Senegal er framleis eit interessant filmland. Fransk-senegalesiske Mati Diop (niesa til regissøren Djibril Diop Mambéty) vann juryprisen i Cannes i 2019 for langfilmdebuten «Atlantique». Her ser vi migrasjonsproblematikken frå perspektivet til dei som blir att. Ei gruppe bygningsarbeidarar får ikkje betalt for jobben i ein trendy hovudstadsbydel. Ei natt går dei om bord i ein liten båt for å søka eit betre liv langs den risikable sjøvegen mot Europa. Blant dei er også mannen Ada (Mame Bineta Sane) er trulova med. Vi følgjer hennar nye liv og einsame tankar i ei feberlik forteljing frå dagens Dakar. GK