Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kommunen vil selje Tryvannstårnet

EIGEDOM: Oslo kommune har vedteke å selje det ikoniske Tryvannstårnet i Oslo. Eigedomsinvestor Christian Ringnes seier han vurderer å kjøpe det. Tryvannstårnet, som vart bygd i 1962, er 118 meter høgt og ligg 529 meter over havet nær Tryvann. Tårnet vart bygd i 1962 for å sende kringkastingssignal vidare til radio- og fjernsynsomformarar i heile Noreg. – Eg ser for meg restaurant, kafé og utkikkspunkt for Oslo by. Akkurat som det faktisk var då det opna for 50 år sidan, sier Ringnes. Men Ringnes får ikkje frie taumar. – Tryvannstårnet er eit kulturminne, så det er avgrensingar på kva som kan gjerast der. Men det er absolutt moglegheiter, seier byantikvar Janne Wilberg.©NPK