Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Alle over 75 år kan få ny dose

HELSE: Med oppstart 1. juli blir no alle over 75 år tilrådd å ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksine. Sjukeheimsbebuarar og personar over 80 blir prioriterte. – Det er lenge sidan dei eldste fekk førre oppfriskingsdose. Derfor er det behov for å vaksinere dei mest sårbare innbyggjarane våre, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap). Folkehelseinstituttets overvaking viser at smitten aukar. Dei nye råda er baserte på råd frå instituttet, som regjeringa nyleg har fått. – Vaksinasjon av mange midt i ferien vil vere krevjande for ein del kommunar. Eg vil derfor understreke at vaksinasjonstempoet må tilpassast kapasiteten til kommunane, seier Kjerkol.©NTB