DYRTID: I haustens budsjettforhandlingar vil SV prioritere skatt, barnetrygd og regulering av straumprisar, matprisar og bustadlån. Det varslar SVs Kari Elisabeth Kaski.
Straumen er blitt dyrare, drivstoff er blitt dyrare og daglegvarer er blitt dyrare. I går sette Noregs Bank opp styringsrenta 0,5 prosentpoeng til 1,25 prosent og signaliserte ytterlegare auke fram mot neste sommar.
Finanspolitisk talsperson i SV Kari Elisabeth Kaski meiner regjeringa må ta grep for å hindre at fleire blir fattige i dyrtida. Ho ber difor Ap droppe det såkalla skatteløftet dei gav veljarane før stortingsvalet i fjor.
Samstundes varslar ho tre hovudprioriteringar når SV skal forhandle med Ap/Sp-regjeringa om statsbudsjett i haust: Skatten må opp, barnetrygda må opp og prisane på straum, mat og bustadlån må regulerast betre.
– Det må vere eit sentralt poeng for det fleirtalet vi har i Stortinget at vi unngår at fleire blir fattige og klarer å reversere den forskjellsutviklinga vi har hatt gjennom fleire år. Det er enda viktigare i dyrtida, seier Kaski.
Formue og inntekt
Ap sitt skatteløfte går ut på at det samla skatte- og avgiftstrykket skal ligge fast for folk med inntekter under 750.000 kroner. Etter at krigen i Ukraina braut ut varsla statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) overfor VG at fleire løfter frå Hurdalsplattformen må bli lagt på is. Kaski meiner skatteløftet må vere blant dei.
– Regjeringa er oppteken av at dei kan springe vekk frå lovnader fordi vi no er i ei anna tid. Dette må også gjelde for skatteløftet, seier ho.
– Kva skattegrep vil SV prioritere i budsjettforhandlingane i haust?
– To grep blir viktige. Det eine er å halde fram med å auke formuesskatten. Å auke satsane, men det må også bli dyrare skatt på aksjeformue, seier Kaski og held fram:
– Det andre er å fortsette å auke inntektsskatten. Der har SV fått inn eit femte trinn for å gjere denne skatten meir progressiv. Vi er ikkje framande for eit sjette trinn, som betyr at folk med høg inntekt må betale enda meir. Og auke satsane på toppen, seier ho og legg til at regjeringa sitt skatteutval også vil slå føre fleire endringar av skattesystemet.
Skatt framfor krisepakke
Kaski meiner politikarar må vere ærlege om at folk med inntekter over gjennomsnittet vil få det trongare økonomisk, men at dei med dårlegast råd og folk med vanlege inntekter må bli skjerma så godt som råd.
– Vi kan ikkje halde fram med å lage einskildsvise krisepakkar på kvart felt, for vi veit ikkje kor langvarig dei tronge tidene blir. Det er i det breie gjennom skatt vi kan drive omfordeling for å flytte kjøpekraft frå dei med best råd til dei med dårleg råd og vanlege folk, seier Kaski.
Ho legg til at regjeringa alt er på veg i rett retning.
– Eg er veldig nøgd med dei gjennomslaga SV fekk med Ap og Sp i haust på skatt. Skattane har ikkje blitt auka så mykje på lang tid. Mykje meir enn under Kristin Halvorsen, blei eg fortalt i forhandlingsrommet, ler Kaski.
– Slik sett er vi på veg. Det er berre viktig at Ap og Sp ikkje tenkjer at vi er ferdige.
Barnetrygd, mat og straum
Då KrF gjekk inn i Erna Solberg si regjering, fekk partiet gjennomslag for å auke barnetrygda for første gang sidan 1996. Auka gjaldt for familiar med barn under seks år. I haust vil SV sørge for ei auke også for barna over seks år.
– Barnetrygda går ut til det breie laget av folket og er det mest effektive grepet for å hindre barnefattigdom.
– Kor mykje meir bør folk få, tenkjer du?
– Eg skal vere forsiktig med å gje eit tal. Men det er klart, verdien av den har berre gått ned. Den må opp vesentleg, og det kjem til å koste mykje.
«Slik sett er vi på veg. Det er berre viktig at Ap og Sp ikkje tenkjer at vi er ferdige»
— KARI ELISABETH KASKI, FINANSPOLITISK TALSPERSON I SV
I haustens budsjettforhandlingar vil SV også jobbe for å gjere det lettare for folk å kjøpe bustad ved å pålegge bankar å prioritere å gje lån til førstegongskjøparar, fortel Kaski. Partiet vil dessutan prioritere å forhandle med regjeringa om å regulere prisen på daglegvarer og straum.
– SV vil til dømes begrense makta til dei store matvarekjedene, fjerne mellomledda i kraftmarknaden og opprette eit statleg straumsal-selskap, seier Kaski.
I tillegg vil SV vurdere ting som fyllingsgrad i vassmagasin, korleis ein kan avgrense eksport og på kva tidspunkt ein kan gjere det på.
– Der vil regjeringa vente til energikommisjonen har lagt fram sitt arbeid, men det er ikkje før i desember. Vi vil kome i gang, seier Kaski.