Når du spenner alle muskler
mot en stein som kunne falt
blir du ett med tyngdekraften
blir du styrke over alt
Når du ser et dyr i spranget
eller akset med sitt frø
blir du sjøl et jaget rådyr
blir du korn til noens brød
Når du står med nakne sanser
kjenner gråten sitte fast
blir du buen til en skytter
blir du strengen da den brast
Du som famler gjennom mørket
for å løfte opp et barn
Når du bøyer deg mot senga
blir du sart som silkegarn
Fylt av spensten til et rådyr
Fylt av frøets energi
Fylt av buas mjuke styrke
blir du alt som du vil gi
Bjørn Ellingsen
Ellingsen har vært månedens poet før. Les intervjuet vi gjorde med ham den gangen her.
Juryens kommentar
Fundamentet i dette diktet blir, slik eg les det, ikkje bare ei poetisk helsing til ein far, og ei skildring av sider ved farsrolla, men eit vitnesbyrd om den utvida medkjensla som det fører med seg å verkeleg involvera seg i eit anna levande vesen. Sagt med poeten Pablo Neruda sine ord: «det utvidar grensene for vårt vesen og sameiner alle skapningar.» Demed blir det eit nytt bilde av faren som stig fram her: eit vidt famnande dikt der omsorg og nærleik vert portalar inn til det ernærande, til det elegante, men òg til gråt, medvit om trugslar og det som brest.
Sjølv om diktet vågar seg inn på ei nyansert innsirkling av det maskuline ved farsrolla, unngår det å hamna i stereotype forenklingar og løftar heller fram den mjuke, sarte styrken og dette å gje omsorg.