Indre uro i Sognefjorden
Ut på tur: Dagboksnotat pluss historiske anekdotar er ikkje alltid lik god essayistikk.

Sigri Sandberg
Ro. Om Sognefjorden og ein lang rotur heim
Sakprosa
Samlaget 2022, 276 sider
Å ro for å finne ro – ordspelet er fint, men er ideen god nok til å bere ei bok? Sigri Sandberg er ein erfaren journalist og sakprosaforfattar som er spesielt oppteken av natur, miljø og friluftsliv. I «Ro. Om Sognefjorden og ein lang rotur heim» har ho sett seg føre å ro heilt frå barndomsheimen i Eivindvik ved havgapet i Sognefjorden, til Skjolden inst i fjorden – rundt 20 mil. Under ligg kjensla av å ikkje vite kva som er heime etter eit liv på flyttefot, og indre uro etter år med korona og privat spagat mellom barn i Oslo og sambuar på ein eplegard i Luster. Metaforisk handlar det om ei reise frå barndomens håp til eit vaksenliv som har blitt annleis enn venta – men etter alt å døme ganske fint likevel.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent