OPPSVING: Trass i massiv kritikk for Nato-standpunktet sitt har Raudt hatt ein kraftig medlemsvekst dei siste månadane og har no rekordmange medlemmar.
Sidan nyttår har 1576 personar meldt seg inn i Raudt, medan 814 har meldt seg ut. Det gjer at dagens medlemstal på 13.655 er det høgste for partiet nokosinne.