Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NOTERT

Festival-jordskjelv

Gitte Johannessen

Fredag kveld gjekk det tungt for seg i EC Dahls Arena i Trondheim då Neon-festivalen opna. Bassen på lydanlegget var så sterk at naboar rapporterte om skakingar på line med eit lite jordskjelv. Ifølgje NTB, som siterer politiet på Twitter, har festivalleiinga vore i kontakt med geolog, og det skal aldri ha vore nokon fare – i alle fall ikkje geologisk. Kva helsepersonell måtte meina, er ikkje kjent. Fredag spelte blant anna Karpesin første festivalkonsert på fleire år på Neon, noko som gav «utslag på Richters skala,» ifølgje NRKs glade kritikar. GK