Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil ofre for vald alltid gjere motstand?

Ingen sikre svar

I 2017 blei dei to amerikanske jentene Abigail Williams (13) og Liberty German (14) funne drepne i skogen i den vesle byen Delphi i Indiana. Dei to ungdomsskulejentene hadde gått på ein tur langs gamle jernbanespor. På Liberty German sin mobiltelefon fann politiet video og lyd av han politiet trur er drapsmannen. I fem år har politiet nistira på det kornete bildet av ein kraftig mann i jeans og lue, og høyrt på lydopptaket av stemma hans som beordrar dei to jentene «down the hill». Trass desse bevisa er ingen arrestert for drapet, men politiet trur gjerningsmannen kan vere ein person som bur eller har budd i nærområdet. Slikt blir det sjølvsagt både ein og fleire true crime-podkastar av, utan at det hittil har bidrege til å oppklare saka.