NY TID: Stadig fleire profilerte politikarar i SV går ut og seier at dei er for norsk Nato-medlemskap.
Utanrikspolitisk talsperson i SV Ingrid Fiskaa sa til Klassekampen førre veke at ho ikkje hadde inntrykk av at det var særleg mange i SV som hadde snudd i Nato-spørsmålet, men at dei som tidlegare var for no er endå meir for.
No er det likevel stadig fleire profilerte SV-arar som vil stå fram og seie at den russiske invasjonen av Ukraina har fått dei til å endre syn på norsk og nordisk medlemskap av alliansen.
– Eg har vore ein av dei som har vore veldig tydeleg på at vi bør melde Noreg ut av Nato, men situasjonen ser veldig annleis ut for meg etter at krigen i Ukraina braut ut, seier Sunniva Holmås Eidsvoll.
Ho er leiar i Oslo SV og byråd for oppvekst og kunnskap i hovudstaden.
Snudde etter 24. februar
Då Oslo SV haldt årsmøte like etter invasjonen og hadde ein heftig Nato-debatt, ville ikkje Eidsvoll seie kva ho sjølv meinte. No har ho bestemt seg for å flagge standpunkt.
– Det er først etter invasjonen at det gjekk opp for meg kor viktig det er for eit lite land å faktisk ha ein tryggingsgaranti. No tenkjer eg at SV bør endre politikken sin og ikkje skrive i programmet vårt at vi vil melde Noreg ut av Nato.
– Har du inntrykk av at det er mange i partiet som har skifta syn på Nato dei siste månadane?
– Eg trur det er mange som tidlegare ikkje har hatt eit veldig bastant standpunkt på dette, som no byrjar å tenkje meir på det, seier ho.
Det gjeld til dømes leiar i Vestland SV Hege Lothe. Ho fortel at Nato-spørsmålet ikkje har vore særleg relevant for ho, men at ho no tenkjer at SV bør endre standpunkt.
– Eg har vore oppteken av lokalpolitikk, og akkurat desse spørsmåla har ikkje vore det eg har involvert meg mest i. No tenkjer eg at vi ikkje bør gå inn for å melde Noreg ut av Nato umiddelbart, seier ho.
Lothe understrekar at ho er leiar for eit stort fylkeslag, og at laget som heilskap på ingen måte har konkludert i denne saka. Ho er likevel klar på at ho personleg tenkjer at formuleringa bør ut.
– Samstundes meiner eg at den kritikken SV har kome med mot Nato, framleis står seg godt, så det er ikkje noko motsetnad, seier Lothe.
I dag står det i prinsipprogrammet til SV at partiet skal jobbe for å melde Noreg ut av Nato. I mars neste år skal landsmøtet vedta eit nytt program, og det blir det første høvet til å endre på dagens politikk. Men allereie i oktober skal partiet arrangere eit seminar der dei skal diskutere tryggingspolitikk i brei forstand.
Har snudd i nord
Tidlegare denne veka skreiv Klassekampen at SV sine kommunestyrerepresentantar i grensekommunen Sør-Varanger no er positive til norsk Nato-medlemskap, og at dei håpte at krigen i Ukraina fekk partiet til å snu i saka.
Ein annan som har bestemt seg for å konkludere med at SV bør skifte Nato-politikk, er Pål Julius Skogholt. Han er gruppeleiar for SV i Tromsø og har tidlegare vore både fylkesråd i Troms og statssekretær i regjeringa til Jens Stoltenberg.
«Situasjonen ser veldig annleis ut for meg etter at krigen i Ukraina braut ut»
— SUNNIVA HOLMÅS EIDSVOLL, LEIAR I OSLO SV
– Vårt alternativ har liksom vore ein nordisk forsvarsallianse, og når Sverige og Finland no går inn i Nato, så er det ikkje noko realisme i det på utsida av alliansen, seier Skogholt.
– Er det invasjonen av Ukraina eller innmeldinga av Sverige og Finland som gjer at du har skifta syn på Nato?
– Det er ein kombinasjon. Eg er framleis veldig kritisk til Nato, men eg meiner ikkje lenger at Noreg skal melde seg ut, seier han.
– Har du inntrykk av at det er mange i partiet som har skifta standpunkt dei siste månadane?
– Eg trur det handlar meir om at Nato ikkje har vore så mykje diskutert dei siste åra. Mitt inntrykk er at no er det veldig mange i partiet som er veldig opne og nysgjerrige og har lyst til å høyre argument både for og mot.
Ikkje ja eller nei
Mikkel Grüner er gruppeleiar for SV i Bergen og ein av dei som var tidleg ute og meinte at SV måtte skifte Nato-standpunkt etter invasjonen av Ukraina. Han seier at hans inntrykk av debatten som no går i partiet, er at det ikkje gir meining å skilje mellom nei og ja til Nato.
– Det er ikkje ein fruktbar måte å tenkje på, for det handlar om ein mykje breiare debatt om forsvars- og tryggingspolitikk, seier Grüner.
Presisering 8. juni: I den fyrste versjonen av saka vart Vestland SV-leiar Hege Lothe sitert på at ho meiner at SV ikkje bør gå inn for å melde Noreg ut av Nato i partiprogrammet. Det er upresist. Det riktige er at Lothe ikkje vil at Noreg skal melde seg ut av Nato umiddelbart.