Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Årets Venezia-biennale slår knute på historia og syner ei anna, mogleg røynd.

Slikt draumar er lagde av

GRØNT LYS: Ei heil avdeling er sett av til norske Sandra Mujingas installasjonar av svevande, kappekledde figurar. BEGGE FOTO: VENEZIA-BIENNALEN Roberto Marossi

Ein biennale der kvinner og ikkje-binære for fyrste gong er i fleirtal.

59th International Art Exhibition La Biennale di Venezia, Venezia

Kuratert av Cecilia Alemani

Står til 27. november.

Surrealismens ande spøkar gjennom gatene i Venezia denne våren. Over kanalane svevar skuggane til eldre kunstnarar – dei fleste av dei kvinner, svært mange av dei nokså ukjende – som levde og verka i dei fyrste, urolege tiåra av førre hundreår: tida då alt verka å vera mogleg, samstundes som alt verka å kunne forsvinne, når som helst, i ei sky av helvetesrøyk. Andene deira surrar rundt i kronglete smug, dukkar under bruer – og samlar seg i det tidlegare skipsverftet Arsenale og i hovudpaviljongen i Giardini-parken, der hovudutstillinga i den 59. Venezia-biennalen for kunst no speler seg ut.