I det siste har vi vore vitne til to aksjonar der sivil ulydnad har stått sentralt. I grenda Vevring i Sunnfjord kommune har medlemar frå Natur og Ungdom og andre miljøaktivistar lenka seg fast til anleggsmaskinar i eit forsøk på å stanse Nordic Minings gruveprosjekt. Den andre, og meir spektakulære aksjonen, stod Extinction Rebellion (XR) for da dei tok seg inn i Stortinget, avbraut forhandlingane i nasjonalforsamlinga, og der nokre av aksjonistane limte seg fast til rekkverket på stortingsgalleriet. Aksjonen føya seg inn i rekka av aksjonar der XR skuldar norske styresmakter for, med vilje og opne auge, å føre samfunnet mot ein klima- og miljøkatastrofe.