Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ope brev til deg bak kameraet

Medan eg sit og lyttar til og ser ei fantastisk oppføring med orkester, kor og solistar frå Nikolai-kirche i Leipzig, opptak frå 2004, opplever eg igjen korleis kameraføringa irriterer meg. Når far og son Bach sine herlege verk, «Lobet Gott in Seinen Reichen» og «Die Auferstehung und Himmel-fart Jesu», vert framført i eit så vakkert byggverk, ynskjer eg å oppleve konserten som om eg var ein tilhøyrar i dette monumentale rommet.