Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vestre

  • Næringsminister Jan Christian Vestre, den nest rikaste i regjeringa etter statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), gav i 2020 klimaaktivistane i Extinction Rebellion 300.000 kroner i pengestønad. Det kunne Dagbladet avsløre i går. Pengegåva vart gitt via møbelfabrikken Vestre, som statsråden var sjef for fram til han vart statsråd. I ein rapport erklærte Vestre at aktivistane i Extinction Rebellion er naudsynte for å få fart på klimaendringane, skriv Dagbladet og siterer Vestre i rapporten: «It is people with big dreams who do change the world.»