Nyleg la regjeringa fram sitt reviderte nasjonalbudsjett. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum er uroa for renta, og brukar mykje pengar på både bønder, forsvar og krigen i Ukraina. For å få dette til å gå opp skal han henta pengar frå oljefondet og omdisponera i budsjettet. Ein budsjettpost som kan venta seg kutt i framtida, er dei store vegprosjekta. Særleg om ein skal tru Erling Sande (Sp), leiar i transportkomiteen, sine uttaler til denne avisa i førre veke. Mantraet er at motorvegar skal byggjast smalare, altså ikkje firefelt, og ha lågare fartsgrense. Er dette berre eit sparetiltak, eller kan det vitna om eit retningsskifte i samferdslepolitikken?
At gigantiske vegprosjekt kan bli sett på vent, er eit hell i uhellet.