Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vann mot arbeidsgjevaren i rettenVerksemda på randa av konkurs

Endeleg tilbake på jobb

VANN: Sveisaren Adrian Dumitrescu vart offer for tøffe vilkår i bemanningsbransjen der han vart oppsagt etter han organiserte dei rumenske tilsette i Offshore Support Nord. Då gjekk han til retten og vann på alle punkt. No er han tilbake i full jobb i hjørnesteinsverksemda Aker Solutions på Stord. Klassekampen

PÅ JOBB: Adrian Dumitrescu vart offer for fagforeiningsknusing i bemanningsbyrå, men fagforeininga hjelpte han til ny jobb i hjørnesteinsverksemda.

Aker Solutions-verftet på Stord har 1700 fast tilsette og for tida 630 innleigde frå bemanningsbyrå. Adrian Dumitrescu har lunsjpause frå sveisarjobben på plateverkstad tre der han jobbar med ein liten del av Northern Lights-prosjektet, som er eit stort prosjekt for fullskala karbonfangst og -lagring.