Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattSian

Kvifor treng me islamkritikk?

Ein forstår ting litt ulikt på grunnlag av personlege erfaringar. Eg vaks opp med ei konservativt kristen mor. Det gjer at eg av rein refleks støttar all religionskritikk.

Kritikk er viktig for å utvikle seg til ei betre utgåve av seg sjølv og for å vere ein velfungerande del av samfunnet. Alle har behov for kritiske blikk utanfrå for å forstå kva andre kan oppleve negativt. Det same gjeld religionar. Kritikk må òg kome frå utsida, for andre ser ting ein ikkje ser sjølv. Og om kritikken berre skal utøvast av personar med «riktige retoriske ferdigheitar», blir ytringsfridom eit klassefenomen, kor berre dei med «riktig dannelse» blir inkludert i ordskiftet. Spisse ord kan stikke hol på ting som ulmar under overflata. Ting som kan bli betent om det ikkje får luft. Og anten ein likar det eller ei, har òg Sian rett til å ta del i ytringsfridommen.

Kritikk er hverken «rasisme» eller «fobi», slik Mustafa Mahmood i Islamsk Råd Norge definerer det i sin kronikk i Klassekampen 5. mai. Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC) jobbar med FN for å definere islamkritikk som rasisme. Å sjukeleggjere kritikk, eller kalle det rasisme, hever religionen over kritikk. Slik kan ekstremistar uhindra halde fram med å bryte menneskerettigheitar.Både undertrykking av kvinner og homofile, samt meir alment synlege ting som til dømes fatwaen mot Salman Rushdie. Kritikk handlar om å ta tak i dei ekstreme sidene ved ein religion, og utgjer ingen trussel mot religionsfridom, eller enkeltindividet.

Eit barn som aldri får kritikk for negativ adferd vil mest sannsynleg vekse opp og bli ein tyrannisk faen. Ein kan kanskje seie det same om ein religion som blir heva over kritikk?

Responsen Rasmus Paludan fekk for koranbrenninga i Sverige, viser at ein har feila i å integrere muslimar. Er det ei konsekvens av fremmedfrykt, eller redsle for å krenke, som hindrar ein i å snakke om kritikk, ytringsfridom eller likestilling?

Ein må kanskje sjå dei negative sidene ved religion for å forstå viktigheita av kritikk frå utsida. Eg ser det som viktig å støtte ytringar som til dømes koranbrenning, og å støtte personar med religiøs bakgrunn som kjemper for å kunne leve og ytre seg fritt (blant anna Ayaan Hirsi Ali, Maryam Namazie, Chahla Chafiq, Ibn Warraq, Amal Aden, Lily Bandehy). Ved kritikk, open diskusjon og ytringsfridom får ein meir forståing for både eigne og andre sine meiningar og haldningar.

Det finst heller ikkje ytringsfridom om ein ikkje inkluderer ting som strid mot det ein sjølv står for. Og det er kanskje der orda blir stengt inne, at volden tek over? Som eit ledd i betre integrering burde ein kanskje allereie på barneskulen undervise i karikaturteikning og ytringsfridom, slik at ein unngår at folk feiltolkar kritikk og kallar det hat, rasisme eller fobi?