Freudiansk kitschdrama

(Frankrike, 2021)
Regi: Martin Bourboulon
Manus: Caroline Bongrand, Thomas Bidegain, Natalie Carter
Med: Romain Duris, Emma Mackey
Sjanger: Biografisk drama
Lengde: 1 t. 48 min.
Vist på: Kino
Det er ikkje berre ingeniørkunsten og dei anakronistiske vitsane som er vågale konstruksjonar i «Eiffel». Det biografiske dramaet spinn òg ei spekulativ kjærleikshistorie rundt den vidgjetne ingeniøren Gustave Eiffel i det han kastar seg inn i konkurransen om å bygga eit monument til verdsutstillinga i Paris i 1889. Filmen hevdar at enkjemannens stormande kjensler for ein tilbakevendt ungdomskjærast fekk han til å byggja Eiffeltårnet, og inspirerte forma det har. Denne avsløringa verkar ikkje berre faktuelt tvilsam, men gjer det teknologihistoriske stoffet i filmen mindre allment interessant og relevant for forteljinga.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent