Sunnmørsk stilleben
Lokalavisjournalistikk og møbelhistorikk er sentrale element i ei original bildehistorie om sorg og forsoning.

(Noreg, 2022)
Regi og manus: Anders Emblem.
Med: Amalie Ibsen Jensen, Maria Agwumaro, Lars Halvor Andreassen.
Sjanger: Drama.
Lengde: 1 t. 25 min.
Vist på: Utvalde kinoar.
Litt i løynd for offentleg merksemd har ein norsk film vorte ein internasjonal festivalsuksess denne våren. Anders Emblems «A Human Position» vart på kort varsel sett inn som opningsfilm på Tiff i Tromsø i januar, då Erik Poppes «Utvandrerne» fekk utsett premieredato på grunn av smittevernrestriksjonane på kino. «Reserven» viste seg å vera ei lita perle, utan stor ytre dramatikk eller filmstjerner framfor kamera, men med ein klår kunstnarisk ide, eit både empatisk og finurleg manus, og synleg talent i alle fagfunksjonar.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent