«Mannosfæren», det lyd det som eit alternativt namn på patriarkatet, men er visst ei cybersone for karar som er ekstra engstelege for at ikkje berre mannsmakt, men sjølve manndommen er døyande, fordi testosteronnivåa og sædkvaliteten til (vestlege) menn søkk. Men frykt ikkje, for no er sjølvaste Tucker Carlson på saka. Fox News-kommentatoren har tatt Vestens truga testiklar i eigne hender, så og seia, og lansert ein kur i ein overraskande homoerotisk «dokumentar» kalla «The end of men». Hurra! Det må vel bety at ytre høgre har fått augo opp for konsekvensane av miljøforureining og gått i bresjen for ein kampanje mot hormon-hermande kjemikaliar!
RAPPORT FRÅ MANNOSFÆREN