Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Medviten: Andreas Delsett har fruktbare perspektiv, men burde hatt meir kontakt med grasrota.

Alt er mat

MATKULTUR: Andreas Liebe Delsett er matinteressert ­programsjef på Litteraturhuset i Oslo. FOTO: EIVIND VOLDER RUTLE

Kva er mat? Mat gjer kroppane våre til noko vi er stolte av eller skammar oss over. Mat er eit statussymbol – kva vi et og ikkje et, fortel meir om oss enn kva klede vi går med og kva postnummer vi har. Eller er det omvendt – at postnummeret avgrensar sjansane du har til å ete sunt og miljøvenleg?