SOLKRAFT: Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt selskapet Solgrid konsesjon til å byggje og drive det første solkraftverket med anleggskonsesjon her til lands. – Det er ein milepæl. Omfanget av norsk solkraft er førebels lite, men det veks jamt, seier Inga Nordberg, direktør i energi- og konsesjonsavdelinga til NVE, i ei pressemelding. Furuseth solkraftverk skal byggjast i Stor-Elvdal kommune i Innlandet. Konsesjonen deira kan dekkje det årlege straumforbruket til rundt 320 hushald. Det finst fleire konsesjonsfrie anlegg for solkraft på tak rundt i Noreg, men eit større solkraftverk slik det som er planlagt, må ha ein anleggskonsesjon. ©NPK