I Suldal, der eg bur, er det spenning i lufta. Den nye kommuneplanen er på trappene, og der skal framtidas kommune meislast ut. I ein slik plan finn ein alt frå fagre formuleringar om berekraftsmåla og medborgarskap, til konkrete planar om framtidas industri. To slike industriprosjekt har hardna forholdet mellom dei fastbuande og hyttefolket.
Den eine er pukkverket Norsk Stein, som ønskjer meir fjell dei kan knusa. Den andre er eit nytt selskap, WindWorks Jelsa, som vil bruka dei gamle industriområda til Norsk Stein for å produsera flyteelement til havvind. Ikkje berre skal dei produsera flyteelementa, dei skal også byggja ei gigantisk tørrdokk for montering. Målet er å vinna kontraktar når Utsira Nord skal byggjast ut. Det er ikkje fatta vedtak ennå, og hyttefolket mobiliserer for å stansa planane. Dei er uroa for fjorden, laksen og sitt eige ferieparadis.
Ei slik uro er det ikkje vanskeleg å ha sympati for. Kven kan med rette seia at dei ønskjer å øydeleggja ein fjord eller somme sin fristad? Livet er diverre prega av harde realitetar. Til dømes at Suldal, som ein liten kommunen med dalande folketal, er avhengig av å halda på dei industriarbeidsplassane me har og å skapa nye kompetansearbeidsplassar. Norsk Stein har tent kommunen godt, og eit utvida uttaksområde gjer at dei kan halde fram med det. At ein då kan nytta delar av det eksisterande industriområdet til havvind, må jo vera ein strålande idé.
Enkelt sagt så handlar dette om kva folk i Suldal skal leva av i framtida; idealisme og gode intensjonar eller arbeid og verdiskaping? For dei som ikkje har sine levde liv i ein kommune prega av forgubbing, er idealismen den enklaste vegen. Me som bur her veit at siste arbeidsdag på Norsk Stein, er siste spikar i kista for kommunen.
«Skal ein laga pukk, må ein knusa fjell»
Ein anna hard realitet er at verdiskaping krev naturinngrep. Skal ein laga pukk, må ein knusa fjell. Skal ein produsera fundament til havvind, må ein byggja ein fabrikk. På same måte som når me temde fossane på starten av førre hundreår, vil havvindeventyret krevja naturinngrep. Spørsmålet må vera: Korleis kan me skapa mest, med minst mogleg inngrep? Då seier det seg sjølv at å nytta allereie «øydelagt» natur til nye formål er ein god løysing.
Rundt om i distrikta er det nå store planar for korleis ein kan byggja industri for framtida, og dermed sikra eksistensgrunnlaget. Heilt sør i Rogaland, i nærleiken av Helleland, ligg det eit lite oljefond av mineral under bakken.
Å vinna ut desse, vil bringa med seg store endringar av naturen. Til gjengjeld er desse minerala naudsynte for batteriproduksjon, slik dei ønskjer å driva på med fleire stader i Rogaland. Igjen står ein ved korsvegen – idealisme eller arbeid?
Å leva er i seg sjølv eit naturinngrep. Me byggjar hus, hytter og fotballbanar. Me reiser fabrikkar og etablerer nye byer. I ei verd der menneska har underlagt seg stadig meir natur, må me spør oss om kva me kan avsjå og kva me treng. Å byggja ned heia med vindkraft som korkje gjer arbeid eller inntekter til kommunen eller å leggja matjord under eit datasenter, er naturinngrep ein kan lat vera. Men det å sikra at hjørnesteinsbedrifter overlev i distrikta eller at fornybarsatsinga kjem til Suldal, er ikkje å gje vekk naturen på billegsal.
Regjeringa har sett i gang arbeidet med bygdevekstavtalane, eit viktig punkt for Senterpartiet i Hurdalsplattforma. Det viktigaste ein kan gjera for å skapa vekst rundt om i distrikta er å sørgja for tryggleik for gode jobbar. Det vera seg i gruvene på Helleland, på batterifabrikk på Haugalandet eller innan havvind i Suldal.