Sex og singelliv i digitalalderen.
(Les Olympiades, Frankrike, 2021)
Regi: Jacques Audiard.
Manus: Jacques Audiard, Léa Mysius og Céline Sciamma, etter Adrian Tomines teikneseriar.
Med: Noémie Merlant, Jehnny Beth, Makita Samba, Lucie Zhang.
Sjanger: Drama.
Lengde: 1 t. 45 min.
Vist på: Kino.
Eit urbant, erotisk trekantforhold er det freistande prismet Jacques Audiard nyttar for å granska liva til prekariatet i det multikulturelle Paris. Den klassiske forviklingskomedien ligg under ein hypermoderne digitalromantikk og gjer konklusjonen på dei tre novellistiske filmkapitla vel søt og enkel, men kven andre enn litt gretne filmkritikarar klagar på det? «Paris: En kjærlighetshistorie» ønskjer liksom å forsikra oss om at menneskehjarta alltid vil søka nærleik og varme, jamvel når alle våre relasjonar liknar kalkulerte forretningstransaksjonar.