Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bussjåførar er klare for å streike

TIL MEKLING: Fleire tusen bussjåførar står klare til å gå ut i streik dersom det ikkje blir semje i lønnsoppgjeret før fristen natt til laurdag. Fellesforbundet har over 4000 medlemmer som er omfatta av bussbransjeavtalen, og i første omgang legg nesten 900 av dei ned arbeidet om meklinga ikkje fører fram. LO- og YS-forbund har over 2300 medlemmer under avtalen. For forhandlingsleiar Linda Jæger i Yrkestrafikkforbundet står vanskelege spørsmål att. – Viktige krav for oss er å få slutt på gratisarbeid, å få forskotering av sjukelønn og eit lønnstillegg som gjer at vi nærmar oss industriarbeidaren, seier ho. Oslo, Bergen og Stavanger er blant stadane som vil rammast.©NPK