KAMP: Landet rundt blei 1. mai brukt til å løfta parolar for kortare arbeidstid. LO i Bergen-leiar Fauzia Hussain-Wiik varslar debatt på LO-kongressen.
– Det har vore altfor stille frå eigne rekker. Det vil bli ein debatt på LO-kongressen, seier leiar for LO i Bergen og omland Fauzia Hussain-Wiik, som gjekk i front i 1. mai-toget i Bergen saman med leiar for Fellesorganisasjonen Mimmi Kvisvik.