Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Driftig: Kristin Auestad Danielsens surrealistiske og friske odelsfabel gir ny giv og nye perspektiv.

Gjesdal Park

Kristin Auestad Danielsen

Du er bonde

Roman

Samlaget 2022, 154 sider

Då eg lét att Kristin Auestad Danielsens nye roman «Du er bonde» etter lesinga, visste eg knapt bak og fram, eller for så vidt opp og ned eller inn og ut på boka. Her er det kort sagt mykje av mangt – hjortebukkfedrar og uslitelege navlestrengar, genetisk nøttelengt og gudgitte visjonar om å gjere kulturlandskapet vilt igjen, Lady Diana og Britney Spears. Og så den ugløymelege svenske slageren frå Fula visboken, då, som eg likevel hadde gløymt eller i alle fall fortrengt: Her ljomar ‘Brittas fitta’ på repeat over campingvognene på landsleiren til Norsk Bygdeungdomslag – i fire dagar til ende.