Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sårbart

  • Somme tider er det slik at du må få erfaringar litt på avstand før du forstår dei. Slik er det for oss som fødde barn då pandemien stod på som verst. For no, sett i bakspegelen, ser vi at det ikkje var utan kostnad at tilbodet til gravide og fødande vart avgrensa, og ikkje minst: Dette er ei av livets såkalla sårbare fasar, der ein helst skal ha eit nettverk å lene seg på. Gravide, fødande og nybakte mødrer under pandemien var åleine i møte med helsevesen både før og etter fødsel, og berre med partnar å lene seg på i kvardagen elles. For mange vart resultatet isolasjon i ei tid med bruk for ekstra mykje hjelp og stønad.