- John Carew er tiltalt for grov skatteunndraging og risikerer fengselsstraff på så mykje som seks år om han blir dømt. Det skjer same år som John Carew kjem på kinolerret over heile landet som Benny Fransen i den nye Olsenbanden-filmen. Om det skulle syne seg at Carew er ein skurk, burde jo det berre gje han endå meir tyngde i rolla som den ikoniske Benny. Benny har forresten det til felles med Carew at han var kjæraste med ein fotomodell. Etter at det vart slutt med Ulla, levde Benny det glade ungkarslivet med sofaen i huset til Kjell og Valborg som base.
Benny
Dagboka