Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Glimrande: Ei satirisk bok om den moderne mannen har sett sinna i kok.

Svar frå hårsåre herrar

BLEST: Forfattar Kristina Nya Glaffeys «To the Modern Man» har fått mykje merksemd frå kritikarar.FOTO: FRIDA GREGERSEN

Bokvåren har ikkje gjort så stort vesen av seg i år, men så har det då også vore rikeleg med andre ting å bekymre seg for: ein eskalerande krig i Ukraina, ein ny klimarapport frå ICC, med den dystre beskjeden om at vi berre har tre år på oss, om vil skal ha noko som helst håp om å halde temperaturstiginga til 1,5 grader, og det nervepirrande franske presidentvalet.