Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bedne om å lage busetjingsplan

PLAN: Styresmaktene ber kommunane om å melde inn ein plan for kor mange flyktningar dei kan ta imot kvar veke i vår og sommar. 13.736 ukrainarar har så langt søkt asyl i Noreg. Men berre 131 ukrainske flyktningar er hittil busette, medan 560 har fått tildelt kommune, skriv Dagsavisen . Kommunane vart i mars bedne om å busetje 35.000 flyktningar i år. Hittil har 291 kommunar svart at dei vil ta imot totalt 30.650 personar, ifølgje tal frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. No ber direktoratet kommunane å levere ein tidsplan for busetjing av flyktningar, veke for veke fram til utgangen av august.©NPK