Du kan bla til neste sideBla med piltastene

KREATIVITET

Eit kunstnarliv

KUNSTNARLEG ROT: Det har vorte litt magasin, skisser, bilete og krimskrams i heimen til musikar og teiknar Oddvar Torsheim i Førde. ODDLEIV APNESETH

Biletmakar og trubadur Oddvar Torsheim har ikkje skuldkjensle for alle åra han var litt for glad i å gå på pub. No vil han bruke dei siste åra på å lage bilete som ingen vil ha.

Heimen til Oddvar Torsheim like utanfor Førde sentrum er truleg eit av dei mest rotete husa i Sunnfjord, kanskje i heila verda. Det er nesten nøyaktig femti år sidan han flytta inn her. Alle veggar er dekt av post-it-lappar, bilete, avisutklipp og rot. Det er også alle golv. For å kome han litt i forsvar er det tale om rot som ber vitne om ein kunstnar som framleis har mykje å henge fingrane i, og ikkje eit slikt rot som vitnar om at han er i ferd med å miste grepet om kvardagen.