Anders Ericson har delt denne artikkelen med deg.

Blant bøker

  • Studentavisa Studvest i Bergen hadde nyleg eit langt intervju med bibliotekaren Pål Hermod Bakka, som har begynt på sitt siste arbeidsår på universitetsbiblioteket. Bakka studerte samanliknande politikk og skreiv doktoravhandling om europeisk politikk. Han enda som bibliotekar, ein jobb han har hatt i 39 år, som følge av ein stram arbeidsmarknad, men han kunne aldri tenkt seg noko betre, fortel han.
  • For mange studentar som har famla mellom reolane på universitetsbiblioteket i Bergen, er nok Bakka eit kjent og kjært ansikt. Sjølv fortel han at studentkontakten er noko av det beste med jobben, som når studentar kjem bort til han i eksamensperioden. «Terapi er jo også ein utruleg viktig del av jobben min. Nokre studentar treng å høyre at dei er flinke, medan andre har meir vitskaplege spørsmål. Begge delar er minst like viktige», seier Bakka.
  • Pål H. Bakka, som for andre kanskje er kjent frå spaltene i vekeavisa Dag og Tid, kjem med eit stikk til universitetet og studentfjerne professorar og andre med vitskaplege titlar: «Universitetet bør fokusere meir og verkeleg prioritere lægregradsstudentane, og i alle fall bachelorstudentane. Eg meiner at det største problemet eit universitet kan ha, er undervisarar som ikkje likar studentar. Universitetet i Bergen er eit middelmåtig forskingsuniversitet, og då bør dei i det minste prioritere undervisinga og studentane. Grunnen til at dei på universitetet forskar, er jo for å optimalisere undervisinga», seier han.
  • Studentar kan banka på døra til Bakka eller gå rett inn. Under artikkelen i Studvest står det så greitt: «Som Per Larsen skrev så klokt: ‘heldig er den i livet som finner en bibliotekar’. Jeg mener, heldig er den student, som har fått snakket med Pål i løpet av sin studietid!!!»
Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production