I «Journalisten og morderen», den klassiske studia av journalistikkens vesen som i fjor kom ut på norsk for fyrste gong, skriv den amerikanske forfattaren Janet Malcolm om det akk, så føreseielege, men likevel akk, så smertefulle sviket journalistar utsett sine intervjuobjekt for. Å bli intervjua, skriv Malcolm, er å møte ein person som er venleg og sympatisk, lydhøyr og oppriktig nysgjerrig på den forteljinga du ynskjer å leggje fram. Ein ideell samarbeidspartnar, skulle ein dermed tru, når det gjeld å få denne forteljinga ut til ei større lesarskare.
Ingen er plikta til å stille kritiske spørsmål til Odd Nerdrum, men det er verdt å spørje seg kvifor ikkje fleire forsøker.
Nerdrum-narrativet
Idear